Rettleiande priser på Jersey dyr.

Vedteke på styremøte til Norsk Jersey 05.11. 2018

Desse prisane gjeld dyr med rasekode Jersey som er lytefrie og av topp avlsmessig kvalitet. Dvs minimum far og morfar er seminoksar. Buskapen dei kjem frå må og væra medlem av Ku Kontrollen. Dyr som ikkje fell inn under desse kriteria bør avreknast etter kg levandevekt etter modell frå Nortura.

Kyr og drektige kviger 18.000 kr – 30.000 kr

Dyr drektige med kjønnsseparert sæd ( X-Vik) får eit tillegg på 1500 kr.

Kviger bør ha 125 cm krysshøgde ved kalving og ha ei vekt på 380-400 kilo

Vaksne kyr bør ha 130 cm krysshøgde og vekt på 420 kg

Ungkviger 6 – 16 mnd. 10.000 kr – 18000 kr

Dyr i denne kategorien bør ha minimum følgjande mål og vekt:

Alder i mnd Krysshøgde i cm Vekt i kg

6 95 120

7 97 135

8 100 150

9 102 165

10 105 180

11 107 195

12 110 210

13 112 225

14 114 240

15 115 255

16 116 270

Kalver opp til 6 mnd. 5000 kr – 10.000 kr

Dyr i denne kategorien bør ha minimum følgjande mål og vekt:

Alder i mnd Krysshøgde i cm Vekt i kg

1 - 45

2 - 60

3 85 75

4 88 90

5 92 105


For å laste ned liste med prisar trykk på linken overfor